Hidle-traséen: Eit framtidsretta samferdsleprosjekt

Dei nye planane består av flytebru frå Stord til Hille (t.v.), deretter undersjøisk tunell til Halsnøy. Nordwest 3D

Onsdagsgjengen i Idrettslaget Trio, ei gruppe av godt vaksne og framleis samfunnsengasjerte seniorar, har fått ei grundig orientering om det ferjefrie tunnel- og brusambandet mellom Halsnøy og Stord, som ei interessegruppe arbeider med. Etter å ha følgt ulike samferdsledebattar i så å seia heile vår vaksne levetid, meiner vi dette prosjektet er det absolutt beste alternativet som nokon gong har vore presentert. Å kunna reisa mellom Stord og Kvinnherad nett når du vil på døgeret utan å vera avhengig av ei ferje, må vera som ein revolusjon å rekna – og svært framtidsretta. At ikkje nokon har lansert denne idéen før, og gjort noko med det, er nesten ubegripeleg.

Initiativtakarane har fått utarbeidd eit prosjekt med undersjøisk tunnel frå Halsnøy til Hidleholmane og bru derifrå vidare til Stord, som gjer det mogleg å køyra frå Husnes sentrum til Leirvik på ca 20 minuttar. Utan inngåande kunnskap til realismen og dei tekniske utfordringane, er det lett å la seg begeistra av initiativet for dette nye prosjektet. Men det store spørsmålet er; vil politikarane i Kvinnherad støtta opp om idéen? I våre auge knyter det seg i alle fall størst spenning og uvisse til akkurat dette momentet.

Så langt vi forstår, går Kvinnherad kommunestyre per i dag inn for ei anna løysing; nemleg ferje mellom Halsnøy og Djupavikjo på Stord, eit prosjekt til mange milliardar kroner. I Djupavikjo er det visstnok òg planar om ein cruisekai, og det er endåtil føreslege at Kvinnherad skal få vera med og betala både i ferjestøet og i cruisekaien. Dette høyrest heilt meiningslaust ut – og må stoppast jo før jo heller. Kven vågar å føreslå det? Å bruka kommunale skattekroner på eit prosjekt i ein nabokommune, er ein svært dårleg ide slik vi ser det. I alle fall no når vi er blitt kjende med eit langt meir tenleg og framtidsretta prosjekt!

Vi skal vera varsame med å ha sterke meiningar om dei politiske prosessane som føregår i ulike saker. Men vi vil likevel peika på at eit ferjefritt samband mellom Stord og Kvinnherad vil ha svært mykje å seia også for idrettsmiljøet i kommunane. Det vil i stor grad gjera det enklare når ein til dømes skal til og frå eit arrangement på Karmøy, i Haugesund eller på Stord. I dag brukar utøvarar, trenarar, foreldre og andre føresette svært mykje tid på ferjetransporten, ofte òg med mykje venting.

Vi oppfordrar alle gode krefter, og spesielt dei politiske partia om å støtta heilhjarta opp om Hidle-traséen. Sjølv om prosjektet per i dag ligg noko etter andre pågåande planar, trur vi trafikantane vil akseptera å måtta venta i nokre år ekstra når ein har eit langt betre prosjekt i sikte – utan ferje. Til neste år er det nytt kommunestyreval og då bør Hidle-traséen ha høg prioritet i fleire parti.

For Onsdagsgjengen i IL Trio

Kristian Hus