
Lenge var det planar om å nytta den vesle plenen ved inngangen til Landsåsen på Vabakkjen til leike- og «strekk ut»-plass. Det var før nye vegar vart laga fram til nye Stord vidaregåande skule, noko som medførte at leikeplassplanane i dette området måtte leggjast vekk. Men no kjem det tumlestad for den yngste garde på Vabakkjen likevel. Eit areal på nordsida av nye ishallen, i enden av den store parkeringsplassen, vil i nær framtida bli opparbeidd med diverse leikeapparat. Målet er at plassen skal opnast til Handballfestivalen i pinsen.
