
På ein gangveg ganske så sentralt på Leirvik låg fuglen, ille medfaren. Kva type var dette og kva kunne ha skjedd? Foto vedlagt desse spørsmåla, vart e-posta til fuglekjennar Jan Rabben.
Svaret kom straks i retur:
– Dette er ei rugde, ei av mange rugder som har vore gjennom ein særs tøff vinter med lang kuldeperiode. Då slit fuglar som har makk øvst på menyen.
Rugda har eit langt nebb, til å rota fram makk med, noko som blir vanskeleg når telen set seg i jorda. Utan mat blir også fykande vesen svake og eit lett bytte for hauk og annan rovfugl.
– Men det kan også gå bra, fortel Rabben.
– For ei stund sidan kom Stein Braathen til meg med ei rugde som hadde flydd på eit vindu og skadd seg. Fuglen var tynn og trong tydeleg næring. Løysinga vart to døger i kompostbingen, der det var eit yrande makkeliv. Rugda åt så godt som alt som var av makk i bingen, og fauk rett til vers og forsvann til skogs då ho hadde fått samla seg nye krefter.
