
Etne, var ein av dei faste stoppestaden for M/S «Sunnhordland» i snøggruta frå Bergen mot vendepunktet i Skånevik, og så retur til Bergen som nattrute. Båten gjekk trufast frå 1948 til sommaren 1973. I Diktboka Løktastolpefrø (1975) har Ingvar Moe med eit gildt minne om ruta kalla BÅTEN
Om kvelden
gjekk ‘an rondt og ropte inn
bygdene sine
knytte di laust i hop
og drog di med seg
te by’n
Utpå dagjen
blei ‘an trøtte tå gnåle
og vende,
sette di tålmodigt tebakers
på kvarrsin kai
