Skal IKKJE i restavfallet

Kasserte pulverapparat skal leverast på gjenvinningsstasjonen. (Foto: Steinar Hystad)

To kasserte pulverapparat har over tid lege ved denne samleconteineren for restavfall. Grunnen til at dei blir liggjande, lyser imot frå dataskjermen når me stiller det enkle spørsmålet: Kva med kasserte pulverapparat/ brannsløkkingsapparat?

– Dei skal ikkje leggjast i det vanlege restavfallet. Her talar me om FARLEG AVFALL som skal leverast på gjenvinnings-stasjonen. Den næraste er å finna hjå SIM på Heiane. Slik innlevering er oftast gratis.

– Kvifor er det så viktig å følgja reglane her ? Jo, fordi pulveret kan irritera slimhinner, og apparata har trykkbehaldarar som ikkje skal i restavfallet.

Bilete: Kasserte pulverapparat skal leverast på gjenvinningsstasjonen.