
Det er halde oppklaringsmøte etter eit lekkasjeuhell frå bussanlegget i Sæ. I utskrifta, ført i pennen av kommunen, står følgjande om årsaka:
«Onsdag 11.03.26 vart det skifta eit filter på dieselanlegget til Tide AS på gnr/bnr 27/811 i Sæ 45. I den samanheng oppstod det ein lekkasje i innfestinga av filteret. Dette medførte at når det vart sett trykk via pumpe, ved fylling av drivstoff på bussar, så lak det ut diesel i rommet der pumpe og filter er plassert. Dette rommet har ikkje sluk med avrenning til oljeutskiljar. Dette førte til at diesel lak ut på det asfalterte området utanfor rommet og kom vidare inn på overvassystemet på eigedommen. Dette systemet vert ført i kulvert til bekk med avrenning til Frugardselva.»
Det er rekna ut at om lag 350 liter diesel lak og rann mot elva, der det vart lagt ut oljelenser for å fanga opp ureininga. Vestland fylkeskommune er eigar av bygg og anlegg i Øvra Sæ og frå etaten er det lova naudsynte
ombyggingar bli igangsette for å ungå liknande uhell. Sidan lekkasjen medførte regelbrot, informerer Stord kommune at melding vert sendt Statsforvaltaren og miljødirektoratet.
