Fantastisk fangstnett

– Godt jobba (Foto: Steinar Hystad)

– Sjølv om ho stikk av med sikten ei stund, er det slett ikkje berre negativt når skoddo (tåko, som somme seier) legg seg over land og by. Tenk berre på den væta ho tilfører naturen.

Sitatet er lånt frå ein vismann vest i distriktet vårt,. Etter ein runde i nærnaturen fredag morgon, vil Stordront.no gje utsegna støtte. Det er nett skoddevæta som gjer at eit nyspunne fangstnett frå ei spenstig «vevkjerring» så klårt stod fram mellom husnova og ei lita furu tre meter frå. Ein beint fram fantastisk «spindelvev» – omtrent i lause lufta.