Om Helge Ingstad i Senioruniversitetet

Sjur Lothe (Bilde: Privat)

Tysdag 24. mars klokka 11.00 kjem tidlegare lektor Sjur Lothe til Senioruniversitetet med forelesinga «Helge Ingstad – Norges fremste inspirator innen friluftsliv.»

Sjur Lothe har gjennom heile livet hatt ei lidenskapeleg dragning til fiske og friluftsliv. Gjennom dei siste 10 åra har han halde ei rekkje foredrag om stader han har besøkt, som Alaska, Svalbard, Grønland og no nyleg, Canada. Dei som har høyrt foredraga, har framheva evna hans til å formidla med stor kunnskap kombinert med ein god dose humor.

I foredraget vil han fortelja om Helge Ingstad, juristen, forfattaren, eventyraren og oppdagaren. Han startar med å greia ut om ungdomsåra, mellom anna om turar på Hardangervidda. Deretter vil han fortelja om dei fire åra som jeger og fangstmann i Canadas villmark, basert på den mest kjende boka hans, «Pelsjegerliv blant Nord-Canadas indianere.» Til slutt i foredraget vil Lothe dela med oss eigne høgdepunkt frå ein tur til Canada i september 2022.

Kjem du til Bømlo kulturhus på tysdag, får du vera med på eventyrlege reiser og opplevingar dei fleste av oss berre kan drøyma om!

Velkommen!
Helsing
Styret.