
«Mink utgjer ein alvorleg trussel for terner og andre sjøfuglar i Noreg fordi den er ein effektiv predator som plyndrar egg og dreper ungar i fuglekoloniar. Minken dreper ofte meir enn den klarar å eta, noko som gjer skadepotensialet spesielt høgt i hekketida. Situasjonen er alvorleg fordi ternene allereie er pressa av andre faktorar som matmangel (mindre småfisk) og klimaendringar»
Denne informasjonen er henta frå eit brev BirdLife Norge Sunnhordland lokallag har sendt Stord kommunen, der konklusjonen er at skotpremie er ein effektiv måte å halda bestanden av mink nede. Døme på dette, hentar lokallaget frå Bømlo og Karmøy. I 2024 vart det levert inn 9 minkar i Bømlo, mot 90 etter at skotpremien vart heva til 400 kroner. Kamrøy har hatt såpass høg skotpremie i mange år og talet på villmink har minka monaleg. Resultatet er at Karmøy no har ein av dei tettaste samlingar av hekkande terner.
«BirdLife Norge Sunnhordland lokallag håpar Stord kommune ved høve kan auka skotpremien på mink til 400 kroner. Sjøfuglane treng all drahjelp dei kan få», heitere det avsluttingsvis i e-posten.
PS: Spørsmål via nettsida til kommunen, gjev til svar at Stord per dato ikkje har skotpremie for felte og innleverte minkar. Mink er eit framandvilt i Norsk natur.
