
Det kan vera ein trend, og det kan vera at trenden med byte av voggande båtliv til rullande fritid i bubil, er ein av grunnane til over 60 ledige båsar i den kommunale båthamna i Leirvik. Noko same bilete teiknar seg i småthamnene Stord ront, der det for tida er eitt unnatak ;- med båt i alle båsar hjå Rommetveit båtlag i Sævarhagsvikjo.
No vil politikarane i Stord gjera det enklare å skaffa seg båtplass, ved å tilby korttidsleige utan større innskot og tidsbinding langs dei tre/frie yttste bryggene innom Moloen.. Månadsleige skal bli mogleg.. Vedtak om ny ordning vart vedteke på sist møte i Utval for byutvikling. Det er hamnekontoret som administrerer den kommunale småbåthamna.
