Med ei vekt på 30 tonn og 800 hestekrefter innom panseret, og med ovsterke ståltenner i «munnen» , viser besøket av stubbefresen godt att i lende på Sørhuglo. Eit areal på 78 mål, der det vart planta gran tidleg på 1960-talet, er med den tanks-liknande maskinen og moderne hogstmaskinar før det, forvandla til største nydyrkingsfeltet i Stord kommune på lang tid.
Når stubbar og røter var henta opp frå joda med brøyt og lagt i ein lang haug, vart den kraftige fresaren sett på jobben med omgjering frå hardt trevike til mjuk flis. Berre til å grava ned og blanda med molda. Ressursutnytting på høgt plan. Det skal finnast to av denne typen maskinar i landet.
– Går det greit vidare med grøfting og passeleg med steinfunn, er planan å kunna så i deler av området denne våren, fortel Eirik Willgohs til Stordront.no.
Graset frå det nye feltet skal inn på menyen til kyrne i storfjøset på Sørhuglo, som står for største mjølkeleveransen i kommunen. Willgohs sender takk til landsbrukskontoret i rådhuset for godt samarbeid i nydyrkingsløftet som no blir gjennomført.
Sjå filmsnutt frå Theodor Gravdal.
