Vikjo den gongen – i vinterdrakt

Vinter på «gamla» Vikjo

Når stordabuen  for 80-90 sa dei «sku på Vikjo», er det nærligjande å meina at det var til tettstaden sitt forretningsstrok dei skulle. Det starta der vegen frå kaien møtte  Borggata mellom Hagerupshuset og  det som seinare vart  Maskinhjørna/Heggebø kolonial/Narvesenbygget.  På Torget  stod  Stord Apotek med utsal på gateplan og apotekaren i  bustaden ovanpå. Grand Hotell har  den kunstige intelligensen kledd i raudt. Over vegen frå hotellet – låg Thesalongen og mellom  kafeen og løa til Hagerupsgarden gjekk vegen til Litlabø.