Jaktar framleis skipsklokka til jagaren «Stord»

– Maritimt Museum har laga til eigen minnevegg for jagaren Stord – men me saknar skipsklokka, seier Gunnar Bjørk. (Foto: Steinar Hystad)

Sjølv etter grundig leiting både på Rådhuset og Kulturhuset har me diverre ikkje funne skipsklokka til jagaren «Stord».

Så det er enno eit mysterium kvar ho har tatt vegen. 

Dette svarar Ragnhild Tveit ved kulturkontoret, når Stordront.no etterspør den historiske  skipsklokka i slutten av februar 2026. Utgangspunktet vårt er eit oppslag på  nettstaden 27. november i 2024.

Der det står å lesa:

Det vart fullsett på Maritimt Museum tysdag kveld, då forfattar Nicholas H. Møllerhaug presenterte nyaste boka si: «Farmor og Farfars krig – ei krigsseglarhistore 1940-2023»

Ei sterk soge, om Einar Møllerhaug som hadde ekstreme erfaringar som krigsseglar, om bord på jagaren «Stord». Museet har eigen minnevegg for båten og mange av dei frammøtte tok ein ekstra studie av  modell og namneskilt og diverse annan informasjon om krigsskipet. Eitt spørsmål gjekk att: – Kvifor vart jagaren døypt  «Stord» ved overlevering til den norske marinen? Det kan ha vore reint tilfeldig, etter det  Gunnar Bjørk ved museet har klart å spora opp:

– Det var eit krav at namnet skulle byrja med S, slik det var med andre farty denne klassen. Stord vart eitt av forslaga på ei lista – og vart plukka ut som vinnar. I 1949 fekk Stord kommune ja på ønskje om å «adoptera» båten.

Oppslaget om  skipsklokka til KNM «Stord»  frå Sunnhordland  6. juli 1959.

Neste som skjer, er omtalt i  Sunnhordland 6. juli 1959:

«Då det vart kjent at jagaren KNM «Stord» hadde tent ut sine dagar og skulle seljast til opphogging, ville Stord kommune gjerne har eit minne om denne segnomsuste båten. Formannskapet vende seg til Marinen om saki, og så vidt me veit  nemnde stortingsmann Ola Olsen framlegget i Forsvarsdepartementet og fekk velvilje der. Torsdag (2.juli )var så Admiral  Hostvedt  innom Leirvik og han hadde då med seg namnebrettet til jagaren «Stord» og den vakre skipsklokka om bord, og leverte dette til ordføraren i Stord. Så spørst det berre å finna ein høveleg plass til desse minni i det nye rådhuset»

Det nye rådhuset (1965) fann plass  og hadde minna lenge hengande  på ein vegg – før dei altså vart flytta til  museet på Nattrutekaien.

– Ja, me har det meste, men har ikkje funne ut av det med skipsklokka, kor den kan vera lagra, opplyser Grunnar Bjørk til  Stordront.no.

Nokon som kan hjelpa?