– Ser ‘kje så djup ut – men prøv å kjør neri…

Rimeleg djup med kvasse asfaltkantar. (Foto: Steinar Hystad)

På fint snøføre merka ikkje sjåføren noko då han og bilen hans rulla frå Tysevgen og oppover mot Håvåsen. Når vêret snudde og varta opp med regn og mildver to dagar seinare, vart tilhøva straks meir merkbare. For då small det i dekk og bilunderstell, på grunn av ein større asfaltbit som hadde slite seg og reist på vinterferie. Holet blir lett fylt med smeltevatn og er gjerne djupare enn det kan sjå ut på overflata.

Det som er ekstra lite kjekt med denne typen hendelege veguhell, er at dette asfaltholet høgst sikkert ikkje er åleine på den kommunale vegnettet etter kuldeperioden. Vonleg er ein lastebil med reserveasfalt snart ute på fiksetur!