«Folkeverkstaden» – nytt tilbod på Stord bibliotek

Mykje godt utstyr i den nye Folkeverkstaden i Stord bibliotek.

Strykejern og strykebrett. Buttonsmaskin. Fire Singer symaskinar. Lammineringsmaskin. 3D-printer. Dette er utstyret biblioteket i Kulturhuset no stiller til rådvelde i sitt nyaste kundetilbod: Folkeverkstaden. 19. januar var det offisiell opning ved ordførar Sigbjørn Framnes.

I biblioteksjef Elin Mariboe sin rapport etter opninga står mellom anna følgjande å lesa;

– To tilsette ved Stord bibliotek har jobba jamt og trutt med utviklinga av konseptet Folkeverkstaden hausten 2025. I løpet av prosjekttida er det utarbeidd eigen logo for verkstaden, skjema for registrering, prislister, rettleiing for alle maskinar og utstyr, merking og sortering av utstyr, og gjennomført testar for å setja seg inn i korleis alt fungerer. Det har og vore studietur til Sølvberget bibliotek for å få inspirasjon.

Fredag 9. januar 2026 hadde me generalprøve med elevar frå Stord Folkehøgskule.

– Me har hatt høgt fokus på gjenbruk ved oppbygginga av Folkeverkstaden. Me har brukt alle møblar som var i rommet frå før. Det er og henta ubrukte hyller frå andre stader i Stord kulturhus. Det er kjøpt inn gjennomsiktige
plastkasser til utstyr og eit gammalt arkivskap er teken i bruk til filament og anna utstyr som må lagrast mørkt.

– Biblioteket har og fått ein del stoff og tapetark frå lokale forretningar som er inkludert i Folkeverkstaden. Me søkjer å halda ein låg kostnad på det som folk får bruke her, det meste er gratis. Det som kostar noko tek me
kostpris for.

PS: For å bruka Folkeverkstaden må ein har gyldig lånekort og skriva under ein kontrakt. Dette kan ein ordna i INFO-skranken i betjent opningstid. Hugs å ha med gyldig ID.