
I dag er ein merkedag for det marine naturmangfaldet: Kongen i statsråd har vedteke å opprette fire nye marine verneområde i Noreg, der tre ligg i Vestland. Krossfjorden, Ytre Hardangerfjorden og Dalsfjorden får no status som verna område for å sikre unik undervassnatur for framtida.
(Saka er henta frå Statsforvaltaren i Vestland)
I dag styrker regjeringa vernet av kyst- og fjordnaturen med tre nye marine verneområde i Vestland. Dette markerer eit viktig steg mot målet om å ta vare på eit representativt utval av norsk marin natur. Dei tre områda representerer kvar på sin måte det ypperste av naturverdiar vi har under overflata i fylket, frå djupe fjordbasseng og massive korallrev til artsrike tareskogar og særprega moreneryggar.
I nyheitssaka frå Klima- og miljødepartementet finn du vedtaksgrunnlag, vedtakskart og meir informasjon om kvifor områda er verna, og kva som er vurdert i prosessen.
Ytre Hardangerfjorden marine verneområde
Dette området dekker 67,8 km² i kommunane Tysnes, Stord og Kvinnherad. Sentralt i vernet står ein nasjonalt viktig morenerygg frå siste istid og det massive Bukkarevet – lenge var korallrevet det største dokumenterte i Vestland og kan vere så gamalt som 4000 år. Ytre Hardangerfjorden er også eit regionalt viktig gyte- og oppvekstområde for torsk og brisling.
Få konsekvensar for dagleg bruk
Sjølv om områda no er verna etter naturmangfaldlova, vil kvardagen for dei fleste brukarane av fjorden halde fram som før. Marint vern i Noreg er generelt ikkje eit strengt vern mot ferdsel eller tradisjonell hausting.
- Fiske og friluftsliv: Vanleg fritidsfiske med snøre, teine, ruse og garn kan halde fram som før. Ferdsel med båt, dykking og oppankring for småbåt er framleis lov.
- Næring og infrastruktur: Drift og vedlikehald av eksisterande anlegg, som bryggjer, naust, sjøkablar og akvakulturanlegg, kan halde fram innanfor rammene av gjeldande løyve.
- Forbod: Det viktigaste forbodet knyt seg til tiltak som kan skade sjøbotnen og verneverdiane, slik som dumping av massar, skjelskraping og bruk av taretrål eller annan botntrål. Ankring for skip får også restriksjonar.
Til høgre kan du lese om vernereglane i den enkelte forskrift. Kongeleg resolusjon for det enkelte vedtaket er også tilgjengeleg for å sjå kva som har vore vurdert og justert i løpet av verneprosessen.
Vegen vidare
Statsforvaltaren i Vestland er delegert forvaltningsmynde for dei nye marine verneområda. Det neste viktige steget blir å utarbeide forvaltningsplanar for kvart område i samarbeid med kommunane og lokale interesser. Forvaltningsplanane skal fungere som eit praktisk hjelpemiddel for å avklare brukarinteresser og sikre ein føreseieleg forvaltning for alle partar. Prosessen med å utarbeide ein forvaltningsplan er open for innspel frå alle som ønskjer gjennom høyringar og kunnskapsinnhenting.
Vernereglane tek til å gjelde med det same, og vi ser fram til å markere dei nye verneområda i løpet av kort tid.
