Ikkje planar for offisiell opning.

Der det «høgt utfor», er nye parsellen utstyrt med autovern på begge sider. (Foto: Steinar Hystad)

Berre oppsett av påle og tilkopling av straum for siste lyspunkt, pluss noko arrondering, står att før vegstellet kan erklæra fortauet på nedste del av Litlabøvegen som fullført.

– Dette er arbeid me treng mildare ver til, for å gjennomføra, opplyser byggjeleiar A. Steinsland til Stordront.no

Den nybygde gang- og sykkelvegen strekkjer seg frå Stuva til krysset mot E39 i Lønningsdalen. Eit stykke frå krysset blir det laga opningar i autovernet, som gjer det trafikksikkert for fotfolket å kryssa over på turen til/eller frå, turvegane i Landåsen.

Så lenge som denne sikringa av mjuke trafikkantar langs fylkesvegen har stått høgt på ønskjelista i Stord kommune, hadde det mest vore på sin plass med ei offisiell opningsmarkering?

– Diverre, slikt tiltak er det ikkje budsjettert med, seier Steinsland.