Skoteflui Lykt i ny drakt

Skoteflui Lykt i eksklusiv vinterdrakt – nokre få dagar. (Foto: Steinar Hystad)

Vanlegvis er den gamle fyrlykta på Moloen i Leirvik hamn, kledd i svart og litt gråkvitt. Etter det Stordront.no kjenner til fekk lykta namnet etter den vetle flua ho var bygt på. Truleg stod ho noko nærare «fastlandet» på Skotaberg enn plassen lykta har hatt sidan moloen vart bygt både lengre og breiare, med Onarheimsparken ytterst. Ei tid vart det sett fram som ein god ide, å innreia lyktbygget som offentleg avtrede.

Stordront.no fekk tips etter ei snørik natt med vind, som sa at naturen sjølve hadde pynta Skoteflui så vakkert i heilkvitt. Og det kan ein vel godt seia seg samd i.