På ingen måte nokon rekord…

30 centimeter – viste snødjupna på hagabenken onsdag morgon. (Foto: Steinar Hystad)

Like før klokka ni onsdag, etter frisk snødett på grytidleg morgonkvist, vart dei 30 nederste centiane dekka av snøen då meterstokken vart sett på høgkant i næraste hagebenk. Bra mykje kvitt belegg over øy og by, ja – men 20 centiar mindre enn då stordabuen vakna til regelrett snøkaos fjerde mars 1987. Og då snakkar me om våt og tung snø, som var vanskeleg å jobba med.

Bonde Per Lønning opplyste til Sunnhordland at det då var 63 år sidan sist (1924), det vart målt slike snødjupner på flat mark på Stord.