
Rekordar når det gjeld tidsbruk i slalom og langrenn og lange hopp på treski, er parkert i gløymeboka for lengst. Men gode minne frå lokale OL-arrangement i bratthenga i Holo (uttalast Hålo), på Fengselsbakkane (trur me oftast sa Larsabakken) og Hagerupsbakken (nedom Museet) – ja, dei leverer ekstra godt. I alle fall i desse OL-dagar med Vikjo kledd i 30 centimeter freistande nysnø.
Hoppar me 60-70 år i retur, kan me velja og ta eit stødig nedslag nedre del av bakken i Hålo, litt nedfor dagens lokale for Frelsesarmeen på Larsabakken eller i Hagerupsbakken (nokså bratt). Var det høvande føre, var det garantert stor aktivitet på desse sentrumsnære skriarenaer omtrent til klokka varsle tid å gå heim å leggja seg.
