– Takksame for grovt brød og maiskorn

Eit lite areal av Vikastemmo «held ope» for endene nett no. (Foto: Steinar Hystad)

Den som passerer vestenden av Vikastemmo i desse dagar, vil merka at alle dei rundt 100 endene med tilhald i vatnet i lever i tronge kår. Tjukk is har tatt over symjearealet og det er lite tilflot av næring i bekken frå Tveitavatnet. I god tru om oss ein matbit og tre frå oss andre på to føter, stimar endene mot einkvar som legg turen rundt stemmo.

– Ja, det er mange av fuglane rundt oss som har tøffe dagar når det er så kaldt som det har vore siste tida, så gi dei gjerne noko ok å eta, seier dyre-og fuglekjennar Jan Rabben.

– Det er villender me her snakkar om og dei vil har best av å eta bli servert grovt brød og/eller hermetiserte maiskorn, av typen som er å få kjøpt i butikkane.