
Komen ned i høgd med Olstjødno etter oppkvikkande runde i vindparken på Midtfjellet, gav kroppen forsiktig melding om at det kunne vera lurt å spandera nokre minutt innom dørene i det kvitmåla toalettbygget ved
parkeringsplassen. Men begge dørane var låste og me lurte på kva grunnen kunne vera. Det skal leggjast til at dette var midt i den kalde veka som var, som gav frostroser i kinna, trass sol frå knallblå himmelkvelv utan ein skoddedott å sjå til langt utforbi Slåtterøy fyr.
Skriftleg spørsmål om stengt do, vart sendt Fitjar kommune – og skriftleg svart kom greitt i retur: – Me har undersøkt dette og fått tilbakemelding: – Det er Fitjar Fjellsameige som har ansvaret for toalettbygget. Pågrunn av kulden og litt
regn, vart det nødvendig å stenga toalettet inntil videre. Det er ikkje kommunalt vatn. Fare for at pumpa i tanken kan gå tørr og bli øydelagt.
