Totalt unødvendig øydelegging

Fann nybrotne hol i golvet i tribunen. (Foto: Steinar Hystad)

– Kva dei her har vore på jakt etter er vanskeleg å skjøna, seier Reidar Lunde, leiar i Venelaget for Parken på toppen av Leirvik. Han viser Stordront bilete av øydelegging av golvet i tribunen.

Det ser ut for at noko har vore på jakt etter fjølabitar og har rive opp treverket. Ved sida av hola ligg ein del «attgløymd» søppel.

– Ei trasig oppdaging, fastslår Lunde, og ber om at parkanlegget får vera i fred.