
Dei gode og rosande ord sat laust mellom unge og eldre som smilande gjekk frå storsalen i Kulturhuset etter premieren på «Heavykatten». Ikkje rart, for dette er ei absolutt ei kjekk, frisk og taktfull forestilling med både humor og eit høvande lite innspel av moral. Framført av engasjerte ungdomar i både ord og tonar. Så mykje av handling skal ikkje røpast her, berre nemnast at enden er god og storslått og at musikken i den times lange oppsettinga har mange tøffe riff. Og ikkje minst gledeleg er det at «Heavykatten» er eit reint Stordprodukt
Det er framsyning i kveld fredag 13. og to forestillingar søndag komande. Så sikra deg billett.
