
Tysdag 17. februar klokka 11.00 får Sunnhordland Senioruniversitet besøk av litteraturvitar Kari Jegerstedt med forelesinga «Politikk, kunst og kjærlighet – nye perspektiver på Torborg Nedreaas sitt forfatterskap.»
Kari Jegerstedt er Dr.art i Allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen og er for tida senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved universitetet.
Torborg Nedreaas (1906-1987) var fødd og oppvaksen i Bergen og budde fleire år på Stord, noko som pregar miljøskildringane i forfattarskapet hennar.
Nedreaas er ein av dei mest markante etterkrigsforfattarane i Noreg, kjend for si skarpe skildring av kjærleik, klasse og kvinners livsvilkår. Dei siste åra har ho fått eit oppsving både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjeld ikkje minst romanen Av måneskinn gror det ingenting frå 1947. Boka er framleis høgst aktuell med sine tema om skam og kvinners rett til eigne val. Stemma hennar treff framleis fordi ho skriv om det som angår oss alle, makt, begjær, sårbarheit og verdigheit.
I foredraget gir Kari Jegerstedt ein introduksjon til Nedreaas sitt liv og forfattarskap.
Velkommen til Bømlo kulturhus til dette foredraget om Torborg Nedreaas, forfattaren som det er all grunn til å henta fram og lesa også i dag.
Helsing
Styret
