
Skulle du, på di vandring langs hamnepromenaden i Leirvik, få inntrykk av at du turen skjer til tonar frå eit røysterikt pludreorkester – ja, då høyrer du heilt rett. Og du treng ikkje vera ottefull. Som på denne tid i fjor, året før og ein bråte med år før den tid, har ein større flokk ærfuglar mellombels opphald i indre luten av Vikafle. Den tett samansymjande flokken tel etterkvart rundt hundre individ, som med sine summande røyster skapar ein spesiell «sound» frå sjøen. Når praten stilnar, vert nebba brukte til å reinska uteriggarane i båthamna for blåskjel.
