
– Med avberrt lågland som utgangspunkt og tru på det same i skogsen mot Nordre Grov, vart starten på søndagsturen lagt til Sjolamyro. Men det vart eit mistak. Etter passering Presthaugshavet og Solhaug blei vegbanen kvit og glatt. Såg ut for at snøfillene laurdag hadde samla seg på Fjellvegen og skogsvegen mot Grov – med eit tynnt islag under seg.
Med fare for lårhals- og fotknekk, blei det gjort samrøystes vedtak om turflytting til Vad og kverna. Der venta asfalt glatt som spegel og islagt skogsveg – men utan snø. Tredje forsøk for trygg søndagstur vart lagt til Landås-traktene – på tørrt og trøsikkert underlag.
