
Stord Teaterlag hadde stor suksess med oppsettinga «Familiemusikalen Peter Pan» i fjor med fulle hus. Neste veke er det premiere på årets oppsetting som er «Heavykatten».
Regissørane Hannah Belsvik Hansen og Line Hystad synest det er ekstra stas å få setje opp eit lokalt skrive teater. – Dette har me hatt lyst til å gjere sidan me kom inn i teaterlaget i instruktør- og regissørrolla, seier duoen.
Manuset er skrive av Toril B.Falk etter Roald Kaldestad si bok om » Heavykatten». Kaldestad er sjølv med som kapellmester i teaterlaget si oppsetting, og med seg i bandet har han dyktig ungdom frå musikklinja.

På scena er det med 36 born og unge i alderen 8 – 16 år som sidan i haust har øvd inn stykket, og som i desse dagar gjer siste finish før alt er på plass til premieren neste veke. Med på laget er det også ei positiv og drivande dyktig foreldregruppe som stiller opp med sosialvakter, mat, sying, laging, sminking, scenebygging, plakatlaging, fototaking og some-innhald.
I stykket møter me Heavykatten, Pinnsvinet Phillip og Discodansemusa som skal ha konsert, men plutseleg dukkar ikkje Discodansemusa opp på øving, og Heavykatten må arrangera audition for å erstatta henne! Kven får bli med i det nye bandet? Og kven er det som har lokka Discodansemusa med berømmelse og rikdom? Korleis vil dette ende?
Stykket tek omlag 1 t og 15 min (utan pause) og har framsyning 12., 13. og 15.februar (to gongar) i Kulturhuset. «Heavykatten» høver for heile familien.
