I årets første månad blei det registrert 360 heilt arbeidsledige personar i Sunnhordland. Dette tilsvarar 1,2 prosentpoeng av arbeidsstyrken. Arbeidsledigheita i regionen held seg med det stabilt samanlikna med førre månad, på eit svært lågt nivå. På landsbasis er ledigheita framleis på 2,3 prosentpoeng og i Vestland går den frå 1,8 prosentpoeng i desember til 1,9 prosentpoeng i januar.
For kommunane i Sunnhordland syner tala at Stord kommune skil seg ut med lågast arbeidsløyse med 0,7 prosentpoeng. Kvinnherad og Sveio ligg begge på 1,3 prosentpoeng, Bømlo og Fitjar ligg på 1,4 prosentpoeng, medan Tysnes ligg på 1,6 prosentpoeng.
I januar er det registrert til no 772 ledige stillingar i Sunnhordland. Det er 10 prosentpoten fleire enn same månad i fjor. Behovet er klart størst innan helse, pleie og omsorg med 387 ledige stillingar medan service yrker har nest størst behov med 87 ledige stillingar.
-At arbeidsløysa aukar noko samanlikna med førre månad kjem innanfor dei normale sesongvariasjonane for januar månad. Derimot er det ei stor auke på ledige stillingar samanlikna med same månad i fjor som tilseier at behovet for arbeidskraft i Sunnhordland held seg på eit svært høgt nivå, seier Håvard Lægreid, regionleiar i Nav Sunnhordland.
Skal løfte arbeidsinkluderinga i Sunnhordland
I januar starta Anlaug Rygg Svensen som ny inkluderingsrådgjevar i Nav Sunnhordland. Ho får ei sentral rolle i å styrke det regionale arbeidet med arbeidsinkludering.
-Anlaug skal bidra til at fleire får moglegheit til å delta i arbeidslivet gjennom inkluderande rekruttering og tett samarbeid med lokale arbeidsgivarar. Ho vil knytte saman arbeidslivet sine behov med kompetansen og måla til arbeidssøkjarane, koordinere regionale prosjekt, utvikle inkluderande rekrutteringstiltak og sikre god informasjonsflyt mellom næringslivet og dei seks Nav kontora i regionen, seier Håvard Lægreid, reigonleiar i Nav Sunnhordland
Nav Sunnhordland har med dette fått ein viktig ressurs som skal styrke samarbeidet med arbeidsgjevarane og bidra til eit meir inkluderande og berekraftig arbeidsliv i heile Sunnhordland seier Håvard Lægreid.
Prognose for 2026
Nav Vestland si arbeidsmarknadsprognose for 2026 viser at arbeidsmarknaden i fylket er venta å halde seg stabil gjennom året, med om lag samme tal helt ledige som i 2025. For Sunnhordland sin del tilseier prognosen at talet på heilt ledige er venta å synke frå 1,1, prosentpoeng i snitt i 2025, til 1 prosentpoeng i 2026. Samstundes gjer global uro framtidsbiletet meir usikkert, sjølv om etterspurnaden etter arbeidskraft framleis ligg på eit høgt nivå. Arbeidsstyrken er venta å vekse i takt med sysselsettinga, men fleire næringar, særleg bygg og anlegg, kan få eit krevjande år trass i aukande aktivitet etter renteauke.
-Prognosen viser at i Sunnhordland og Vestland vil mangel på arbeidskraft framleis være ei stor utfordring. Å inkludere fleire av dei som står utanfor arbeidslivet blir difor eit viktig grep òg i 2026, seier Anlaug Rygg Svensen, den nye inkluderingsrådgivaren i Nav Sunnhordland.
I 2025 var stramheita i arbeidsmarknaden i Sunnhordland særleg stor. Stramheit i arbeidsmarkanden refererer til balansen mellom etterspurnad og tilbod på arbeidsmarkanden, eller tal på stillingar per heilt ledig arbeidssøkar.
-I 2025 var det i snitt 1,23 ledig stilling per heilt ledig arbeidssøkar i Sunnhordland. Dette talet er venta å auke enda meir i 2026. At etterspurnaden etter arbeidskraft vil auke medan talet på heilt ledige arbeidssøkarar vil synke, framhev viktigheita av å få inkludert fleire som står utanfor arbeidslivet, fortset Svensen.
Enklare å få støtte til inkludering
I desember lanserte Nav ein ny funksjon på arbeidsplassen.no som gjer det enklare for arbeidsgjevarar å få støtte i rekrutterings- og inkluderingsarbeidet. Den nye avhukingsboksen Rekrutteringshjelp gjer at arbeidsgjevarar kan be om bistand frå Nav direkte når ein lyser ut stillingar.
-For verksemder i Sunnhordland betyr dette at dei automatisk blir kontakta av meg, som vil følgje opp behovet og bidrar med råd, rekrutteringsstøtte og inkluderingstiltak, seier Svensen.
