Gild skiltrydding for skogstien

Velkomstskiltet er kome opp i høvande lesehøgd. (Foto: Steinar Hystad)

Det var Stord Rotaryklubb som i si tid (nokså lenge sidan faktisk) sette opp skilta som informerer om alt spennande som skjer i naturen langs skogstien i Landåsen-Krakateig-omådet. Siste åra har velkomstskiltet ved Landåsvatnet og dei som står langs skogsvegen vore prega av slitasje og «skeiv rygg» . Ikkje slik no lenger. Igjen helsar løypa velkomen med høgreiste skilt, klår tekst og gode illustrasjonar. Opprustinga fortener så absolutt ei hjarteleg takk og dagens ros.

Her blir det fortalt korleis furua lever godt i Stord-skogen. (Foto: Steinar Hystad)