
På strekket frå Ådland Bru til laksatrappa, kunne Frugardselva i skumringstimen tysdag, opplevast som reine «svanesjøen». Ikkje mindre enn 16 knopsvanar helsa dei mange som var ute på ein kald ettermiddagsrunde.
Nokre svanar sokna etter mat med stjerten i veret og nebbet i botnen. Andre sov med krølla hals på brystkassen, medan fleirtalet av dei gilde fuglane tydeleg emna på å symja til ro forkvelden.
