
Bønder har meldt inn søknader om løyve til felling av grågås, som i store flokkar gjer stor skade på grasavlingar. Dette gjeld i Sævarhagsområde og Litlabøomårdet.
I begge tilfelle blir det informert om at «sesongen» alt er i gang og det kan vera opp til 100 fuglar som samlar seg og et gras, øydelegg gras og skit i graset – slik at kvaliteten på foret som er att bli svært dårleg.
– Me har sett ut fugleskremsel kvart år og flytta rundt på dei. Men det går berre eit par dagar, så beitar gåsa igjen heilt inn til skremsla. Skremmeskot er prøvd, men verkar dårleg. 15 minutt etter smellet, er gåsa der igjen. Det einaste som har fungert, er faktisk å skyta noke gjæser, då blir dei hine skeptiske og held seg vekke frå bøen. Det blir bede om løyve til avskyting gjennom sesong frå desse tider til ut i august. Dyrevelferda skal stå i fokus og det blir jakta på sikkert vis, går det fram av søknadene om fellingsløyve, sendt det kommunale landbrukskontoret i Stord kommune.