
Høyrt om femtråda tangbrosme? Nei, det hadde ikkje me heller, før eit bilete frå vinterleg oppdagingsferd på langgrunn strand på austsida av Langenuen kom seglande inn på Stordront.no sin SMS-konto.
Grunna ekstra lågt lågvatn, vart det mogleg å vassa ekstra langt «ut mot havet» og dermed kunne det loggførast ekstra interessante maritime observasjonar. Som til dømes nokre mørke fiskar med skjegg, som kretsa rundt ei stor reke. Det kunne teljast fem «skjeggstubbar». Kva symjande vesen kunne dette vera?
Svaret var å finna på side 90 i boka FISKER i Cappelen sin serie av naturhandbøker:
Femtråda tangbrosme – (ciliata mustela), med utbreiing i Aust-Atlanteren frå Portugal til Island og Noreg. Kjenneteikn: Kan bli 45 cm, men vanleg rundt 25 centimeter lang. Kort hovud, med fem skjeggtrådar, fire oppe på snuten og ein under haka. Rygg og sider, frå mørkebrune til raudbrune. Yngre individ held seg i tidevass-sona, på jakt etter føde. Oppslagsboka slår fast at – «arten har ingen økonomisk betydning, men den kan være viktig næring for sjøfugl».