
Kva har heimstaden din å by på av fritidssyslar for dei som er komne i årsklassane for yngre og litt eldre senioar? Informasjon kring dette emnet får du om føremiddagsturen komande torsdag (6. mars) blir lagt til Stord kulturhus. Der inviterer kultureininga og frivilligsentralen til nytt Fritidstreff for seniorar. I år med ein litt ny vri, akkurat kring emnet som skal gi informasjon om kva lag og organisasjonar i kommunen har å by den eldre garde.
– Tidlegare år er dette blitt gjort frå «stands» i vestibylen, i år blir denne presentasjonen vist samla via powerpoint på storskjerm i biblioteket. Det vil skje etter Astrid Larsen sitt biletkåseri om «Shetland i moderne tid». Deretter blir det mingling og drøs i Vestibylen, kor Bygdekvinnelaget sel kaffi og nysteikte lappar, opplyser dagleg leiar av Frivilligsentralen, Margunn Hamre Vassdal til Stordront.no.
Og som vanleg har voe på fritidstreffa er det gratis inngang.