
Scenen i storsalen i Stord Kulturhus fungerer godt som arena for intimkonsert, som då duoen Vestavill med pianist Marita Kjetland Rabben og sopraen Ingvill Holte laurdag baud på «Flygel til lunsje». Med på laget var fiolinist Atle Sponberg, og denne gongen handla det om temperaturendringar, med utgangspunktet i dikt av Ingibjørg Haraldsdottir som skreiv frå temperaturytterpunka Island og Cuba. Tekstane var både morosame og meir til ettertanke, og handla mykje øyar rundt på kloden, også om Kjetland Rabben sin heimstand, Stord. Det er berre å takka fint for ei gild framføring av Herlege Stordøy – og for gilde tonar frå flygel, sopranrøysta og fiolinen. Programmet høvde framifrå for framføring med publikum tett på – på scenen.