– Lag ditt eige smør

Svein Litlabø baud på nykinna smør på flatbrød. (Foto: Steinar Hystad)

«Åtte potter rømme, fire merke smør, såleis kinna Kari, Ola hadde før!»

Denne strofa frå første verset av «Kjerringa med staven»  lurte seg fram frå minneboka etter songtimane på folkeskulen, då me stoppe for smørprøve  og interessant prat i Borggata laurdag.  For der stod Svein Litlabø med den handsveiva smørkinna og kinna smør, som ei førjulehelsing frå jordbruksnæringa i kommunen.  

– Ditta kan alle som har ein mix’ar i heimen gjera. Du tøme berre boksen med den feitaste seter-rømmen frå Tine i skåla og brukar same vispen som til kremfløyten. Etter 10-12 minutt har smør og saup skilt lag. Saupen kan frysast og brukst i bakst eller mjelkesuppa (med rosiner) ved anna høve. Smøret må knøast og  vaskast fritt for saup og saltast før bruk. Eg set til tre prosent salt, forklarte Litlabø.

Smaksprøven han baud fram, nykinna smør på flatbrød – var det skikkeleg god meirsmak på. Berre prøv.