Slik blir avkøyringa til nye-skulen

Skiltplanen for planløysinga på Vabakkjen

Arbeidet med vegen  frå FV 544  og rundkøyringa på Vabakkjen opp til nyskulen viser no godt att i lendet, og korleis veg og trafikk er tenkt løyst når alt er ferdig, kjem fram i nye teikningar Viak Asplan nyleg har sendt Stord kommune.  Skissa viser også kva skilt som skal koma opp og leia godtfolk på rett veg.  Gangvegen  mot  Tveita og Landåsen  på nordsida av parkeringsplassen skal kryssa nye skulevegen  på  merka overgangfelt. Planløysing er sjølvsagt godkjent av både vegvesen og kommune.