I kommunestyremøtet torsdag hadde Hilde Hildal Hauglid (SV) interpellasjon der ho oppmoda kommunen til å setja i gang dugnad for å få fjerna pøbelplanta landøyda langs vegane våre. Ho viste til Lindesnes kommune som har gjennomført slik aksjon med godt resultat. Slikt tiltak blir det ikkje i kommunalt regi på Stord.
Her er svaret frå ordføraren:
«Landøyda er ein naturleg førekomande art i Norge. Den kom truleg til lands på 1700-talet. Planta vert derfor vurdert å høyre til i det biologiske mangfaldet vårt, og trugar altså ikkje det biologiske mangfaldet. Men for særleg storfe og hest er heile planta giftig, både i frisk, i tørka og i ensilert tilstand (silo). Det er derfor svært viktig at denne planta ikkje vert hausta inn i fôr til husdyr.
Landøyda vert spreidd hovudsakleg med frø; frøbankar i jord kan overleve i 10 år eller lengre.
Framande planteslag som skaper problem får pålegg om bekjemping frå miljømynde, men landøyda fell utanfor regelverket sidan dette ikkje er ein framand art, men tilhøyrande i vårt biologiske mangfald. Likevel tok statsforvaltaren i Agder initiativ til fjerning av landøyda i to verneområde langs Listastrendene for nokre år sidan.
Hovudoppgåva til Stord kommune som forvaltningsmynde er å informere om skadeverknadene av planta, og korleis bønder og innbyggjarar elles kan bekjempe planta. Det har gått ut informasjon til bondelaga, og informasjon vart lagt ut på heimesida vår den 13. juni i år. Det vart også oppmoda om å kartleggje lokalitetar. Bladet Sunnhordland hadde 31. juli eit avisoppslag med informasjon. Her står også at SIM tek imot landøyda gratis.
Eg er positiv til dugnader for å fjerne planta i uønska område, t.d. i og nær landbruksområde, men ser ikkje at dette er noko kommunen skal prioritere utover det å gi informasjon. Eg oppmodar organisasjonar (t.d. hagelag, vel-lag og bondeorganisasjonar) og personar i lokalsamfunnet til å hjelpe til med å hindre spreiing av landøyda.»
Landøyda er ein naturleg førekomande art i Norge. Den kom truleg til lands på 1700-talet. Planta vert derfor vurdert å høyre til i det biologiske mangfaldet vårt, og trugar altså ikkje det biologiske mangfaldet. Men for særleg storfe og hest er heile planta giftig, både i frisk, i tørka og i ensilert tilstand (silo). Det er derfor svært viktig at denne planta ikkje vert hausta inn i fôr til husdyr.