Me er vel framleis nokre som minnest uret til besten, som han nokre gonger for dagen tok opp frå ei lita lomme i vesten, kikka og slo fast at «ho va slagen elleve og gjekk mot hall tolv». So gav han eit par tørn på tappen og la uret, som var festa i ei lenke, varsamt tilbake i lomma. Det var reine seremonien.
No blir det varsla frå høgare hald at me skal bli deltakarar i eit endå meir digitalisert samfunn. Og nett i den leid var han komen personen me høyrde om nyleg, – som hadde fått topp moderne mobiltelefon. Ein av slaget som har mange andre gjeremål enn nett å visa klokkeslettet. Mobilen sende eigaren mellom anna melding om at vedkomande fram til dessar i dag hadde gått nokre færre steg en vanleg på ein fredag….
God helg.
Gode ordtak kan vera greitt å ha med seg på helgeturen:
- Aldri så galt at det ikkje kunne vore verre
- Det er ikkje så mykje som er så godt at det ikkje kunne vore betre
- Ingen ting er så godt gjort at det ikkje kan kritiserast
- Nære på og nesten – slår ingen av hesten
- Så nære på var eg, sa jente, då ho på sida av vart beden opp til dans
Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan
- Nåme nær = nær nok
- Odne = fin liten varme i stova
- Okje = tverr tre på ei dør, eller ein tverr mann
- Okla = ankel. vrist
- Old = mange, ein brote