Etter det som er opplyst frå den regulerande eining i kommunen, er søknaden om å etablera ein gatefotballbane på den kommunale leikeplassen i krysset Studalen/Bandadalen lagt vekk og saka avslutta. Det betyr ikkje at banen blir liggjande brakk i all framtida. Stord Baskeballklubb jaktar sentrumsnær arena for den «nye» sporten på Stord og spør i brev til kommunen om mogleikar for etablera seg på banen nær den kristne skulen. Klubben skriv at det blir satsa på god dugnadsinnsats for å få sett banen i stand. Interessa for basketball er stadig aukande på Stord.