Medan førsteslåtten kunne takst på tørre bøar midt i mai, og andreslåtten i normal tidsrekning etter, vart det for bøndene ekstra lenge å venta for å koma i gang med årets tredjeslått. August vart ei laaaang regnbyge som gav alt for våte jorde til å køyra utpå. Men når september starta med sol og varmrekordar i distriktet, vart det imponerande fart i hausting frå slåtteenga. Og ikkje før var grasballane pakka – så kom det styrtregn igjen.
Skulle du på di ferd langs nyslegne bøar lura på kvifor «traktoregga» har tre forskjellege fargar, får stordront.no frå velinformert hald opplyst:
Førsteslåtten er innballa i kvit plast, andreslåtten i grøn og kvit plast og tredjeslåtten i grøn plast.