«Vi kan berre leva i ei verd der lys, godheit og skjønnheit dominerer, ved å setje pris på kunst». Dette er oppmodinga frå kunstnarane Lana Nabokova og Zafer Yilmaz som stiller ut verka sine i foajeen i Stord Kulturhus denne veka. Nabokova har sine biletet på veggen oppe, ved inngangen til Kulturskulen, Yilmaz nede – på veggen mot bassenget. Dette er ei salsutstilling, med nærare informasjon om handel i oppslag.
Utstillinga avsluttast komande søndag.