Laurdag 31. august kl. 11-14:30 blir den tradisjonelle Vervadagen arrangert av Sagvågen kystlag. Stord bibliotek stiller med opplesing for dei minste, og det vert eit rikt program for store og små.
På Vervadagen får du oppleva gamle skipsbyggingstradisjonar med sag, smie og dunk frå gamle båtmotorar. Du kan ta deg ein tur i robåt, få med deg barna på opplesing eller leikar, gå på utstilling, kjøpa ulike lokale produkt, drøsa med gode vener og sjå korleis skip har blitt bygde på Jensaneset i 200 år.
Arrangementet er del av Kulturminnedagane, som blir markert over heile Europe i midten av september kvart år. 50 land er med på European Heritage Days med rundt 70.000 arrangement og 30 millionar besøkande.
I år er fokuset for Kulturminnedagen “Spor og nettverk”, og Eining for kultur i Stord har lyst å setja søkelyset på Vervadagen og skipsbygginga på Jensanes som har lange og djupe tradisjonar. Ottesen skipsbyggeri blei grunnlagt så tidleg som 1825, og er det eldste i landet som framleis er i drift.
PROGRAM
- Barnebibliotekar Camilla Ruhs har opplesing/forteljing for dei minste kl. 11:30 og kl. 13:00.
- Utstilling med kunstnarane Madli Martens, Sigurd Søreide og Mari Søreide.
- Stord røde kors har gamle tradisjonsleikar for barna.
- Tur med robåt eller med den vesle “Britbesto”.
- Den gamle oppgongssaga blir satt i drift kl. 12:30 og kl. 13:30.
- Sal av ulike lokale produkt frå Eksingedalen, Onar Westerheim, Staudehagen, Føyno gard, Ellen Simonsen, Evelyn Johnsen og Solbjørg Tverderøy.
- Sal av god mat og drikke.
- Bakgrunnsmusikk av gamal årgang.
Arrangørar: Sagvågen kystlag, Stord røde kors, Stord kommune ved Eining for kultur, og Folkehelseforum.
MERK: Denne saka har me saksa i si heilskap frå Stord kommune sine heimesider.