Det vart fullsett i Stord kyrkje til gudstenesta søndag, der både preike og seremoni elles, var lagt opp kring neste års konfirmasjon. Då blir det høgtidsstunder for 118 ungdomar i Stord sokn og 36 i Nysæter sokn. Nokre færre enn i år, som har si forklaring i mindre årskull.
Denne søndagen fekk kyrkjelydane møta konfirmantane frå Stord og Nordbygdo ungdomsskular, veka før var det presentasjon på Nysæter. Fram til mai blir det samling og undervisning ein gong i månaden for tenåringane, som alle fekk ein liten trekros (frå oliventre i Hellas) i gåve frå kyrkja i høve dagen.
– Ei fin påminning om Han som styrer over oss, sa ungdomsprest Runar Larsen, som leia gudstenesta saman med kyrkjelydspedagogar Solveig H. Angeltveit, Elisabeth H. Oma og organist Simon Madsen. Etter postludiet, ein rocka og godt motteken pianoversjon av «Amazing Greace», var det informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre.