Ta for eksempel plommene som nett i desse dagar er så gode at ein kan risikera å «vassrenna» i munnvikane av reine glede når første bitet skal takast. Så kjem eplene. Så kan me lesa at både kål og lammakjøt er klar til første haustfestmiddagen. Sauene i Stordfjellet, 2500 på tal, fekk ein pangstart på beitesommaren alt i mai, men veit å senda signal om at det høvane tid til heimferd når fjellgraset går frå grøn til gul farge. Og her følgjer bjørka etter, ho er byrja slakna i leten. Regnbygene kjem så tett, at det mest ikkje er opplett mellom dei lenger. Og makrellen er på bitet. Det er beint freistande å påstå at hausten er årstida som sender frå seg flest meldingar.
Ha ei signa helg.
Nokre fyndord med på ferda:
- Alt godt er anten forbode, umoralsk eller feitande
- Alt har ein ende, men pølsa har to – pannekaka har ingen, men er likevel go
- Alle blir gamle, men ingen vil vera gamal
- Alle vil over, der gjerde er lågast
- Alle vil styra – i godt ver
Så nokre ord som var på tur ut av stordamålet alt for 50 år sidan:
- Morka = smia skav til for (skava)
- Mosa seg = kosa seg, liggja frampå om morgonen
- Mosen = heit og raud i andletet
- Moveisa seg =røra seg, ut og gå
- Mulken = sur og vrang