Bydelen Sagvåg/Litlabø har mangt felles, men per dato er det berre Sagvåg som kan skilta med namneskilt langs tilførslefylkesvegen, med kvite bokstavar på blå bakgrunn. Det skal også Litlabø no få, går det fram at korrespondanse frå Vestland fylkeskommune. I brevet blir det opplyst at vegvesenet vil følgja opp innspel frå Venelaget for Gruo, om tilvisingsskilt til gruvemuset ved krysset på E39 i Lønningsdalen. I den samanheng spør eigar av Litlabøvegen, om kommunal kommentar til framspelet om to fletta nye skilt med Litlabø i kvitt på blått, plassert rett etter brua på Dale og før brua ved Vaskeriplanet.