Me er stolte av å kunngjere det nye slagordet for Stord – «Liten by for det heilt store»! Det skriv Stord kommune på sine nettsider i dag, torsdag. Her kan du lese korleis dei presenterer slagord, ny logo og grafisk profil. (Saka er saksa frå dei kommunale nettsidene i si heilskap)
Det inspirerande slagordet og den flotte logoen, som du kan sjå i filmen, er resultatet av eit spanande omdømeprosjekt. Prosjektet har vore eit samarbeid med Leirvik As, Aker Solutions Stord, Høgskulen på Vestlandet HVL, Wärtsilä i Norge, ordføraren, politiske representantar, Fagforbundet Stord/Fitjar avd 276 og Utdanningsforbundet Stord. Målet er å bruka desse i rekrutteringar og presentasjonar av den flotte byen vår.
No har byen vår ein felles identitet som me kan vera stolte av, og me oppfordrar alle verksemder til å ta i bruk logoen og slagordet! Samla kan me visa verda at «Stord» er ein liten by med store draumar og endelause moglegheiter.
Bli med på laget! Del denne bodskapen, bruk logoen, og vis at Stord er staden der store ting skjer.
Omdømeprosjektet
For å stilla sterkare som ein attraktiv studiestad, arbeidstad og buplass ønskja næringslivet og kommunen å samarbeida om omdømebygging og marknadsføring. Både kommunen og næringslivet har eit stort behov for arbeidskraft og kompetanse, og konkurransen er hard.
Som eit tiltak for å styrka attraktiviteten til Stord, har me hatt eit felles omdømeprosjekt.
Målet med prosjektet var å laga ein unik og gjenkjennbar visuell identitet som representerer Stord, og som skal nyttast av kommunen og lokale verksemder i samband med rekruttering, og presentasjon av Stord.
Resultatet er eit kortfatta, minneverdig slagord som fangar essensen av kommunen og dei unike kvalitetane som kommunen byr på. Det er og laga ein logo og ein film.
Konsept
Stord er ein liten by som har mykje å by på. Stord har flott natur, stor næringsaktivitet, mange utdanningstilbod, sjukehus, attraktive buforhold og eit breitt spekter av fritidstilbod. Dette gjenspeglar me i den visuelle identiteten for byen Stord.
Stordlogoen tar utgangspunkt i Storddøra. Døra er konstruert av mange kubar som speglar det store spennet Stord har å by på. “Portalen tar utgangspunkt i Stords tradisjon innan skipsbygging, samt gjev ein monumental velkomst til ein kommune midt i vakker natur – difor er vatn og vind hovudelement i portalen.” – Sissel Tolaas kunstnaren bak Storddøra. Ei open dør symboliserer gjestfridom og moglegheiter.
Stikkord knytt til konsept: Samspel, konstruksjon, mangfald, velkomen, heim, forandring, moglegheiter, samansett, portal.
Stordlogoen består av namnetrekket Stord, der O er bytta ut med forma på Storddøra.