God drift i Sogelaget

Odd Stuve Rommetveit er valt til ny leiare i Stord Sogelag. (Foto: Steinar Hystad)

Avtroppande leiar Kjellbjørg Lunde la fram ei grundig og oppløftande årsmelding for 2023, då  Stord Sogelag heldt årsmøtet 13. mars. Det var i fjor fleire sogetimar med god frammøte, likeeins på dei historiske vandringane rundt i kommunen.  Medlemstalet auka frå 130 til 170 og årsskriftet vart godt motteke. Rekneskapen viste pluss, og etter framlegg frå styret vart det vedteke å halda kontingenten uendra (300 kroner per medlem). 

Årsmøtet utnemnde Bjørn Bjørlykke til heidersmedlem, mellom anna for innsatsen i skriftsstyret for årboka i perioden 1996 – 2023 og for å ha bygt opp og drifta heimesida stordsoglag.no.

Etter valet har Stord Sogelag desse i styret: Leiar Odd Stuve Rommetveit, styremedlemer Gunnar Strand, Ingrid Nysæter Mongstad, Einar Bjelland, Eline Bruntveit. Varafolk:  Peggy Husevik Bærøy og Kjell Dagfinn Mongstad. 

Den nyvalde leiaren takka for tilliten, og han takka  Lunde og andre utgåande styremedlemer for godt arbeid. Lunde gav ros til støttespelarar ho hadde hatt med seg, og viste til arbeidet med Hatland skule, som ho vil følgja vidare.