Til fare for gåande

Heng berre etter «litlefingen» på veg ned… (Foto: Steinar Hystad)

Skal du gå fortauet langs Bjellandsvegen, bør du vera observant på ei lang furugrein som heng etter eit pittelite feste over gangflata nokre meter bortfor krysset mot Luren (vidare mot Høyland).  Greina er, som uvanleg mange andre furugreiner etter sterk vind og tung snø, broten av frå stamma og skal ned. Kanskje det kan finnast krefter/etatar som kan fjerna greina før  noko trasig skjer?