Denne karen var ute og lufta seg ved skogsvegen eit stykke innanfor Skjephaugsvatnet i lunsjetid søndag. Me skriv 3. mars, og tek den ålande hoggormen som ei sikker stadfesting på at me er i første vårmånaden. Med sine 10-12 varmande grader var nok også tempen søndag medverkande til at ormen følte for å strekkja seg i friluft.